Etter nokre dagar med til tider tjukk snøkave har vi fått eit 25-30 cm tjukt kvitt teppe over landskapet. Bortskjemt som vi har vore med fint vær så lenge. Vel, det var verfall ein ting som var sikkert. Det blir ingen lange turar i snøen uten ei løsning på dei 10 millionar snøballane som dannar seg langs bein og mage og spesielt i baken. Her måtte noko gjerast.
Løsninga openbarte seg i form av ei knallraud åletrang kondomdrakt. Eg hadde vel ikkje dei heilt store forhåpningane til at ho kom til å godta å måtte ha på seg noko slikt, men til min store forbauselse gjekk ho med på det. Labb for labb, med ein haug med godbitar selfølgelig :)
Til slutt var det berre glidelåsen igjen, og vips så var den ruskete pelsdotten vår forvandla til ei stivbeint primadonna. Eg lo so tårene trilla mens ho stod med eit undrande blikk å såg på meg. For litt etter litt seig beina ifrå kvarandre på det glatte golvet og ho blei liggande på sida med stive bein og lure på kva som hende. Det tok nokre sekund før ho turde å lee så vidt på den eine poten, men då det synte seg å gå bra, følgde dei tre andre raskt etter. Ho stabla seg, om enn ganske klønete, på beina og testa ut kor dette nye fungerte. Etter ein liten runde syns ho tydeligvis at ho fortjente ein godbit og kom trippande bort til meg og satte seg. Det må ein vel kalle ein vellykka operasjon. Så etter ein aldri så liten catwalk hos besta fekk ho komme ut av dette nye pølseskinnet. Noko eg trur ho var ganske fornøgd med. :)
Den nye drakta blei så testa ut utandørs i små 5-10 minutters porsjonar før vi endelig tok sjansen på ein langtur på fjellet. Nokre små justeringar av diverse opningar måtte til før nødvendinge avstikkarar kunne gjennomførast, men når det var gjort bar det til fjells.
Det kunne vel virke som ho innimellom var litt flau over å måtte gå i slik ei avslørande drakt, men alt i alt trur eg ho var fornøgd. Vi gjennomførte turen på nesten to timar uten ein einaste snøball. Hurra! Og til mi store forundring blei det heller ikkje mykje biting i drakta. Eit par gongar måtte ho sjekke at den satt som den skulle, men ellers såg det ikkje ut som at ho var klar over at ho hadde den på. Vi helste på naboar som og hadde tatt laust i snøværet, og det var vel ikkje heilt fritt for at dei trakk litt på smilebanda dei heller. "Raudrev" gjekk igjen eit par gongar, men det må vi vel berre innrømme at dei har litt rett i....