Sunday, May 24

Utstilling 23.-24.Mai i Ålesund




Så var det gjort. Eg holdt meg på beina og dødde ikkje av nervøsitet, blei i staden virelig gira på å stille igjen. :) Ana var kjempeflink i ringen. Ho gjorde det eg har lært ho, med dei forutsetningane ho hadde. Det har blitt lite trening saman med andre hundar, så akkurat den biten ho måtte løpe sist ødela ein god del for oss. Men jammen er vi no fornøgde.

Slik gjekk det:

Lørdag 23.Mai stillte vi i spesialutstiling i sunnmørshallen i Ålesund for Norsk Belgisk Fårehundklubb avd. Møre og Romsdal der vi fekk æren av å stille foran dommer Per Harald Nymark. Etter det eg har fått vite er han ein særdeles dyktig dommar som er spesialutdanna innen denne rasen. Så det var vel ikkje så rart om kneskålene mine skrangla litt ekstra dei siste minutta før eg skulle inn i ringen. Men Ana tok det med knusande ro, heldigvis. Vi blei ropt opp som einaste tispe i juniorklassen og kraup under snora og inn i ringen. Dommer Nymark smilte blidt og hilste pent på Ana, som syntest denne nye karen var ein spennande fyr med mange gode lukter. Vi fekk beskjed om å stille oss opp foran dommerbordet og vente. Som sagt så gjort. Ana stod pent å venta på at ein godbit skulle ramle ut av henda mine, og til hennar store begeistring skjedde akkurat det... Mmmm.... Då var det jo greit å stå litt til, kanskje der kom meir...
Dommer Nymark om bort og sjekka tenner og kropp og til alt hell var han storfornøgd. Ana viste pent tenna sine, men var litt meir redd for stumpen sin, so når hendene til dommeren strøk baketter ryggen og kom litt for langt bak, gjorde ho eit lite hopp sidelengs og gav han eit litt undrande blikk. Men det var greit, han fekk vete det han trengde og var fornøgd.
Så var det tid for å løpe fint rundt i ringen. Det tok nokre meter før konsentrasjonen var på topp, men då gjekk det til gjengjeld veldig bra. Vi løp ei runde i ringen, fortsatte rett frem mot motsatt hjørne og tilbake. Stillte opp foran dommerbordet igjen og venta spent. Dommer Nymark stod ved sekretæren og ropte opp sin kritikk medan dama bak bordet skreiv flittig. Kritikken lød som følgende:

11 mnd gammel tispe av utmerket type. Feminint hode med god lengde og godt uttrykk. Meget god over- og underlinje. Velutviklet bryst. God beinstamme. Akseptable vinkler i frambein, god i bakbein. God pelskvalitet og godt gemytt. Fjærende rasetypiske bevegelser.

Då dama var ferdig å skrive plukka ho sammen to røde og ei rosa sløyfe. Lille Ana hadde fått CK og skulle videre til neste runde! :) Gjett om det var ei som var stolt og ikkje minst kjempe overraska... Eg hadde jo alltid ment at ho var fin og flott, men eg er jo ikkje heilt objektiv då... Men at ein slik dommer mente at ho hadde så gode kvalitetar hadde eg vel ikkje heilt turd å håpe på...
Etter litt venting og god tid til å bygge opp igjen den tidligere nervøsiteten, blei vi ropt inn i ringen igjen. Vi skulle løpe først og gjett om eg var glad for det. Han hadde fått alle fire inn i ringen og sa versågod løp. Så vi gjorde akkurat det. Men halvveis rundt ringen oppdaga eg at dei andre løp jo kjempesakte! Vi var milevis foran. Det var nok ein bommert av meg at eg ikkje fulgte med på om dei andre hang med, for eg trur ikkje dommer Nymark rakk å sjå så mykje på oss. Etter å ha fullført ein runde med flott løping som ingen såg skulle vi løpe ein gong til, berre vi og ein ekvipasje til, men denne gangen måtte vi løpe bak... Det blei så altfor fristande å prøve å ta igjen den andre hunden så det blei veldig anstrengt løping. Som dommer Nymark sa, han kunne ikkje premiere ho høgare enn 4BTK sidan ho løp så anstrengt, ikkje denne gangen. Det skjønte eg godt. Men jammen var vi no bra fornøgde allikevel. Vi skal trene meir på å løpe sammen med andre og så skal vi komme tilbake å vise at vi kan :)
Vi kunne reise heim stolte av to røde sløyfer og ein rosa rosett!






Søndag 24.Mai skulle vi stille i Sunnmøre Hundeklubb si utstilling, også i sunnmørshallen i Ålesund. Der var det Nina Karlsdotter som var dommer. Også her stillte vi som einaste tispe i juniorklassen, og som ein av totalt to tervueren. Det var samme oppstilling i ringen og Ana løp som en drøm. Rundt i ringen, ned mot motsatt hjørne og tilbake. Ho viste villig fram tenner og stod bra rolig når dommeren kjente på kroppen. Ana stod fint og rolig mens dommeren fekk sjå på ho og etter ei lita stund kom ho bort og gratulerte oss med rød sløyfe. Det blei ikkje CK denne dagen, men det betyr ingenting. Jenta er like flott for oss likevel. :)
Her er kritikken:

Feminint hode som kunne vært noe mer langstrekt og elegant. Bra øyne og ører. Noe kort hals. Bra overlinje og svans. Utmerkede proporsjoner, bra kropp for alderen. Passende benstilling. Knapt vinklet foran, bra bak. Bra rørelser. Litt open pels på ryggen. Tilstrekkelig maskering, kunne hatt mer sortede hårtopper.

Det er vel noko av dette eg kan gjere betre neste gang, som å stelle pelsen ordentlig før vi gå inn i ringen... Men ein kan jo ikkje vete alt med ein gong. Eg har lært mykje denne helga og skal ta det med meg til neste utstilling, så får vi satse på at det går like bra :)





Ellers fekk vi hilst på brødrene til Ana, Aramis Lucky til venstre og Amor til høgre. Eg la merke til dei med ein gong eg såg dei inne at dei måte vere brødrene hennar. Dei er jo så like! Var kjekt at dei kunne møtast og få hilst på kvarandre. Dei stillte også i utstillinga og Amor fekk 2JK og Aramis Lucky fekk 3JK.

Jaja, det var den helga. Vi skal fortsette å trene og stiller med første anledning igjen. ;)

Thursday, May 21

Våren er her!

Hei og hå kor tida går da gitt, på tide å gi lyd fra seg igjen.
Våren er endelig komt og dagane er lange og lyse og gjett om ein får mykje å gjere då. :)

Det har blitt mange fine turar sidan sist eg oppdaterte bloggen så eg skal få putta inn ein del fine bilder av tullejenta. Ellers har vi ikkje gjort så mykje nyttig når det kjem til å lære nye ting, men for tida jobbar vi med å gå fint på tur (noke som ikkje er så lett når det er så utrulig mange gode lukter rundt) og å løpe fint rundt i ring. Vi skal nemlig på utstilling til helga, i Ålesund. Det kom litt brått på, så vi får berre krysse fingrane og håpe på det beste. Løpestilen er rett så upåklagelig når vi trenar for oss sjølve, men det er ikkje heilt lett å konsentere seg når der er ein annan hund som spring foran. Men vi får gjere det beste ut av det og håpe det går bra. :) Skal legge ut bilder og fortelle korleis det gjekk seinare. Men her kjem nokre bilder av den herlige jenta...






Vi har fått oss hus til utstllinga... Må jo prøve å sjå litt proffe ut da... : )



Jo, det glømte eg jo nesten... Vi traff denne hissigproppen på tur ein dag. Skal sei eg var snar å få jenta i band, og holdt ho på god avstand mens eg nysgjerrig studerte den fresande hoggormen. en var omlag 70 cm lang og temmelig høglytt. Men han var heldigvis ikkje av den mest aggressive sorten, så han snudde og forsvant fresande og spyttande tilbake inn i buskene. Skal sei det var ei som godt kunne tenke seg å sette tenna i den kule taustumpen, den levde jo.... :)



































Det er jo så herlig å finne ein liten snøflekk på slike varme dagar. Rulle rundt og rundt, og litt til rundt... og så ein gang til... litt til... :)













Saturday, March 28

Så var det tid for ei lita oppdatering igjen. Veit det er lenge sidan sist, men eg får skylde på det dårlige været. Bli ikkje så mange koselige turar og fine bilder når det regnar og bles på ekte vestlands vis. Men vi fekk no eit par dagar med fint vær, og då blei det tur.











Kan no vere godt og vel med nokre dagar med dårlig vær, då får ein jo gjort litt andre ting. Som for eksempel å sette opp ein løpestreng til jenta. Ho er blitt litt vel nysgjerrig på skogen på andre sida av vegen og på alt som vandrar forbi av folk og dyr, så det blei slutt på å gå laus ute. Vertfall til ho får litt meir lydighet på plass. Så eg tenkte det måtte jo vere midt i blinken med en løpestreng.
Så det bar avgårde å kjøpe 21 meter glatt 5mm wire, 8 meter plastbelagt 5mm wire, 8 wireklemmer, trinse og to karabinkrokar, alt til den nette sum av 300 kroner. Dei hadde ferdige sett med alt ein trenger på dyrebutikken, men wiren var 5 meter for kort, og dessuten var det til den herlige prisen 600 kroner! Fikk dessuten ein mykje kraftigare wire og trur nok at den held ein del meir enn den dei solgte på dyrebutikken. Så alt i alt er eg veldig fornøgd med handelen.





Då var det berre å skru sammen alle delane og stramme wiren godt, og vips så fekk Ana vere ute heile dagen :) Og gjett om det var moro... hehe.. det gikk ei lita stund før ho lærte seg at dette båndet ikkje følger etter viss ho berre drar litt ekstra i det, men etter at det var forstått var det ingen problem. Heilt til ho tulla seg fast første gongen og andre gongen, tredje og ..... ja, du skjønnar. Ho har ikkje heilt forstått dette med at dersom ho går rundt eit tred, og rundt det igjen så blir ho sittande der... Eg har bjynt å få mine tvil om at ho nokon gong kjem til å skjønne dette, men vi får vel berre fortsette å snurre ho tilbake til vi går lei. Hovedsaken er at ho får vere ute i frisk luft og jage lauv og grave etter gøymde skattar så lenge ho vil.

Det var faktisk ein ny ting ho har bjynt med, å grave. Ho går og snusar rundt på plenen og plutselig set ho igang med ei frenetisk graving. Moldspruten står ut bak ho, nesten som ein ser på tegnefilm. Og det heile endar i eit digert hol med absolutt ingenting spennande i det. Det har heldigvis ikkje blitt så mange av desse hola enda, men der blir vel fleire etter kvart.

Men enda var det fleire dagar med regn og sur vind, noko måtte eg no finne på desse dagane. Så det var starten på prosjekt hundehus. Sidan vi held på å bygge oppatt eit gammalt hus, som vi forhåpentligvis får flytte inn i til hausten ein gong, har vi mange restar av all slags materiale liggande. Så kvifor ikkje benytte seg av det før mor slår klørna i det og kallar det ved? Joda, alle restane skulle forvandlast til ein lott einmannsbolig for Ana. Det gjekk litt trått dei første timane ettersom planen for korleis det heile skulle settast ihop ikkje heilt var på plass. Men litt etter litt kom dei glupe ideane som skulle vise seg og faktisk fungere utmerka. Ekte byggmesterar ville nok sagt det var ein smule tungvint og kanskje ikkje heilt etter reglane, men det står støtt som fjell, og det er vel nok for meg.





Huset reiste seg sakte men sikkert og siste skruen blei stramma til. Då gjenstod det eit strøk med maling og litt takpapp på taket og huset var ferdig. Ettersom eg blei litt vel ivrig etter å bli ferdig med huset, blei enkelte delar utelatt frå maling, men det er slikt som eg tar att når fineværet kjem att. Så skulle der vel ha vore eit navneskilt, men det kan no og takast igjen ein gong. So om det gjenstår nokre småting vel eg å kalle det ferdig likevel.
Så var det å få dette mirakelet med seg ut frå byggeplassen (stallen) og på plass innen rekkevidda for løpestrengen. Dette var då lettare sagt enn gjort. Eg må berre gjette, men at heile huset veg minst 70-80 kg er vertfal sikkert. Eg fekk heldigvis hjelp av min bedre halvdel til å bære det to meter av gangen til det endelig var på plass. Det var eit slit, men å sjå det stå der, fix ferdig, var en lettelse. No kunne det regne og blåse det det ville uten at det gjorde noke. Det er eit lunt og godt hus med vegg til vegg teppe i bunnen og eit tjukt godt teppe oppå. Då kan ho vel ikkje klage :)

















Sidan huset kom ut har det ikkje vore så gale vær, så det har ikkje blitt brukt så mykje enda. Det luktar nok sikkert litt maling enda og, så det får lufte seg ei lita stund. Men jenta har no vore inni å snoka etter godbitar vertfall, så det blir nok brukt med tida. :)

Ellers er det vel ikkje så mykje spennande som har skjedd. Ho har riktgnok tyggd selen sin i to deler, så der måtte vi kjøpe en ny. Går vel ikkje lenge før den er i små bitar den og. Utrulig kor kjekt det er å tygge ting i småbitar... Men eit kvart må ho jo bruke dei sylskarpe tennene sine på. :)







Hehe... Holdt jo på å glømme at den stakkars katten vår, eller en av dei tre, måtte ein tur til frisøren. Ein av ulempene med å ha verdens lengste, tjukkaste og mjukaste pels er at den flokar seg. Vertfall når fyren er så prippen med børste at det er kun under haka og litt på ryggen som skal vere lov å børste. Då blir resten av katten ein einaste stor floke og det er dessverre ingen annen utvei enn å ta alt ihop. Så resultatet blei ein morsom sak som ligna meir på ein puddel enn ein katt. Han fekk vertfall beholde pelsstøvlettane sine, dei ser temmelig kule ut no... ;)





Saturday, February 14

Snøbadedrakt... hihi... :D



Etter nokre dagar med til tider tjukk snøkave har vi fått eit 25-30 cm tjukt kvitt teppe over landskapet. Bortskjemt som vi har vore med fint vær så lenge. Vel, det var verfall ein ting som var sikkert. Det blir ingen lange turar i snøen uten ei løsning på dei 10 millionar snøballane som dannar seg langs bein og mage og spesielt i baken. Her måtte noko gjerast.












Løsninga openbarte seg i form av ei knallraud åletrang kondomdrakt. Eg hadde vel ikkje dei heilt store forhåpningane til at ho kom til å godta å måtte ha på seg noko slikt, men til min store forbauselse gjekk ho med på det. Labb for labb, med ein haug med godbitar selfølgelig :)
Til slutt var det berre glidelåsen igjen, og vips så var den ruskete pelsdotten vår forvandla til ei stivbeint primadonna. Eg lo so tårene trilla mens ho stod med eit undrande blikk å såg på meg. For litt etter litt seig beina ifrå kvarandre på det glatte golvet og ho blei liggande på sida med stive bein og lure på kva som hende. Det tok nokre sekund før ho turde å lee så vidt på den eine poten, men då det synte seg å gå bra, følgde dei tre andre raskt etter. Ho stabla seg, om enn ganske klønete, på beina og testa ut kor dette nye fungerte. Etter ein liten runde syns ho tydeligvis at ho fortjente ein godbit og kom trippande bort til meg og satte seg. Det må ein vel kalle ein vellykka operasjon. Så etter ein aldri så liten catwalk hos besta fekk ho komme ut av dette nye pølseskinnet. Noko eg trur ho var ganske fornøgd med. :)









Den nye drakta blei så testa ut utandørs i små 5-10 minutters porsjonar før vi endelig tok sjansen på ein langtur på fjellet. Nokre små justeringar av diverse opningar måtte til før nødvendinge avstikkarar kunne gjennomførast, men når det var gjort bar det til fjells.








Det kunne vel virke som ho innimellom var litt flau over å måtte gå i slik ei avslørande drakt, men alt i alt trur eg ho var fornøgd. Vi gjennomførte turen på nesten to timar uten ein einaste snøball. Hurra! Og til mi store forundring blei det heller ikkje mykje biting i drakta. Eit par gongar måtte ho sjekke at den satt som den skulle, men ellers såg det ikkje ut som at ho var klar over at ho hadde den på. Vi helste på naboar som og hadde tatt laust i snøværet, og det var vel ikkje heilt fritt for at dei trakk litt på smilebanda dei heller. "Raudrev" gjekk igjen eit par gongar, men det må vi vel berre innrømme at dei har litt rett i....




Wednesday, February 4

En gang må ein jo begynne...




Etter måneder med, "eg skal lage blogg i mårra..." er eg endelig kommt i gang.
Det er vel på høg tid at eg får lagt ut nokre kvalpebilder medan ho framleis er kvalp. Jenta begynner jo å bli stor...





Akkurat no ligg ho her i sofaen ved sidan av meg og kosar seg med ein kong. Der er tomt for godbitar inni for lenge sidan, men det er jo så kjekt å tygge på den. Det er ein lyd når ho gneg på den, ein når ho bit i kantane og ein når ho strekkjer tunga så langt inni som ho greier i tilfelle er skulle ligge noko igjen. Men den mest spennande av dei alle er når ho set fast underkjeven inni og det blir ei voldsom slafsing før ho kjem laus att. Då ser ho undrande på den raude kongen og lurer sikkert på kven som set inni å held fast.

Ana er ei riktig trivelig terve-jente på godt og vel 7 mnd no. Ho er omlag 56 cm på nakken og litt over 20 kg. Så stort større trur eg ikkje ho blir. Pelsen er nok blitt så lang å fin som den skal bli så ho er ei riktig flott terve-jente. Ho har lært seg nokre kjekke sirkuskunstar og litt grunnleggande lydighet så langt, vertfall sann nokelunde da. Ho kjem i 90 prosent av tilfella så lenge det ikkje er noko veldig spennande som må utforskast. Men vi har god tid å terpe på slikt. Ho blir nok mest ein turkammerat og ein familiehund, så får kunstar og agility bli ei lita ekstra utfordring i ledige stunder.




Årets første nysnø var noko merkelige greier. Det var kaldt, og det gjekk ikkje an å stå på. Så nokre kvite dukkertar blei det. Men når ein først fekk litt greie på kor dette nye kvite teppet verka gjekk det unna. Det beste med heile snøen var jo at her var det berre å gje på, det var ikkje så farlig om beina stokka seg litt, ein landa mjukt uansett.



Leik er det kjekkaste som fint! Sjølv om ein nettopp er vakna og ikkje heilt skjønnar kva som skjer når ein øsen Tira deiser inn i sida i full fart. Men det tar ikkje lange stunda før reglane er på plass og to viltre hundar rullar gjennom busker og kratt.



Det kjekkaste Ana eit er å dra på fjellet, eller i skogen. Då hentar ho sele og band og er klar som eit egg. Det er jo ikkje rart når ein kan gå på fantastiske turar i fjellet på lett skaresnø med blå himmel og knallsol! Då er livet herlig du...